Senteret sitt bannerbilde
Viktig informasjon om Koronaviruset

Bjerkreim Legekontor

Hoste, sår hals, feber, tungpust eller COVID-test?

Då skal du ikkje inn på legekontoret! Les meir:

COVID-19 TEST?
Kontakt legekontoret for COVID-test. Det blir tatt COVID-test ein gong pr dag.

Du skal møta fram i området som er vist på foto nedanfor. Du ser eit banner med "COVID-TEST". Parker bil slik at du ser test-området, og kom fram til prøveområdet så snart personen i bilen ved sida er i ferd med å bli testa.

Viss du har norsk personnummer, får du svar på helsenorge.no. 

AKUTT SJUKDOM?
Ring legekontoret, eller legevakt (116 117).

Ved akutt alvorleg sjukdom: Ring 113.

TIMEAVTALE?
Du kan tinga timeavtale pr telefon, eller ved å bruka denne web-sida. Du må alltid ringa ved akutt sjukdom, viss du er i karantene eller har lufrvegssymptom.

eKonsultasjon
Dersom du ikkje ønsker å møta på legekontoret, kan du be om eKonsultasjon pr video eller telefon. Dette koster det same som vanleg konsultasjon.

Videokonsultasjon
1) Bruk mobil, mac eller PC: gå inn på http://join.nhn.no
2) Trykk på "video" (bilete av videokamera)
3) I feltet "Search to call" skriv du bjerkreim@vm.nhn.no
4) Vent til legen starter videokonsultasjon

Alternativ til punkt 1: last ned "Pexip Infinity Connect".

Kopla deg opp 5 minutt før avtalt tid. Det kan bli noko ventetid. Unngå bakgrunnsstøy og lys bakfrå. Ha gjerne klar ei lykt viss det er noko legen skal sjå på. Videokonsultasjon kostar det same som vanleg konsultasjon. Gratis for barn, gravide og ved frikort. 

LABORATORIE, ØYRESKYLL ETC
Husk å merka uringlas etc med fullt namn og fødselsdato.

Legekontoret har laboratorie for listepasientar ved Bjerkreim legekontor og for personar som er på besøk og har fastlege på andre kantar av landet. Uavhengig av kven som er fastlege utfører kontoret Føllings test for nyfødde og COVID-test.

Bestill legetime dersom du trur du treng å få skylt øyrene.

E-post

post@bjerkreimlegekontor.nhn.no

NB: Ikkje send sensitiv informasjon på SMS eller epost!

Illustrasjon eller bilde for senter